”Kaninbyen” er ei bok som er skriven av Arild Rein. Han er ein forfattar frå Stavanger, og blei fødd i 1960. ”Kaninbyen” blei gjeven ut i 2004. Det er den siste boka i ein Stavangertrilogi, som består av ”Hundedagane”, ”Grisekoret” og ”Kaninbyen.” Boka er ein seriøs realistisk roman. Den gir eit portrett av Stavanger frå 1970-åra og fram til 2004, då Stavanger gjekk over til å bli ”oljebyen Stavanger”. Den er også realistisk, fordi handlinga i boka, godt kunne skjedd i verkelegheita, og på grunn av språkbruka og miljøet i boka.
Boka handlar om ein mann i 35-åra som heiter Jonny Roxmann. Han har tidlegare vore politimann i Stavanger, men har fått sparken etter å ha leid ut leilegheita si til horer, og sal av sex. Derfor bur han no i kolonihagen som han har arva frå sin avdøde far, mens han forsettar med å leia ut leilegheita si til bruk av hallik verksomheit. Jonny vil tene nokre kroner på å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen; Som er ein mat festival som blir heldt om sommaren i Stavanger sentrum. Han vil tene disse pengane for å kunne flykta frå oljebyen, og til eit varmare strøk. Han er ein singel mann, men kommer tidleg i kontakt med ei thailandsk dame som heiter Kim, som han får eit godt auga til. I slutten av boka viser det seg at Kim er ein menneskesmuglar. Boka fortel om kva Jonny tenkjer om Stavanger Oljebyen, og korleis han meiner samfunnet fungerar.
”Kaninbyen” er bygd opp ganske laust. Jonny som har hovudrolla i boka, har lett for å spore av. Da meiner eg at han hoppar veldig mye frå ein ting til ein annan. Spenningskurva er ganske flat, og det er ikkje noko som gjør at boka plutseleg blir veldig spennande.
Boka er etter mi meining ikkje den beste. Det er overdriven mye banning i boka, og handliga er ganske kjedeleg. I tillegg er boka skrive frå litt tilbake i tid, noko som gjer at der er ting som eg ikkje klarer å sjå heilt for meg, sjølv om eg er frå Stavanger. Derfor synes eg at boka passer betre for dei på 30 år og oppover, for dei som vakse opp i dette miljøet. Slutten av boka er ganske brå etter mi meining. Ein har lest seg gjennom ei bok, utan å føle der er nokon spenningskurve som stig. Så eg anbefalar ikkje boka.

Kjelder:
- Rein, Arild, 2004, Kaninbyen, Det Norske Samlaget, Oslo.
- Bokkilden.no, 2004, Kaninbyen, Samboweb, lokalisert 25.02.11
http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=146248
- Rein, Arild, 2004, Kaninbyen, Det Norske Samlaget, Oslo.
- Bokkilden.no, 2004, Kaninbyen, Samboweb, lokalisert 25.02.11
http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=146248
- Wikipedia, (17.September). 2010, Arild Rein, lokalisert 25.02.11
http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein
http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar